Veidekke – like lokal som nasjonal

I Veidekke driv vi i praksis med to ting; skaffe byggeprosjekt – og utføre dei!

Vi samarbeider tett med arkitektar og rådgjevarar for å utvikle dei beste prosjekta, og så står vi for sjølve bygginga. I Veidekke elsker vi å bygge og ser gleda i å skape flotte, berekraftige og funksjonelle bygg for våre kundar.

Difor treng vi deg som er praktisk anlagt, diggar ny teknologi, brenn for det grøne skiftet og har ei god dose kremmarånd i botn. Veidekke er lokalisert over heile landet – også i Sunnfjord. Vi som jobber her er frå distriktet, bur her og føler oss som ei lokal bedrift, sjølv om vi også er ein del av Norge sin største entreprenør.

Kvar dag løyser vi oppgåver som er ulike dei vi løyste i går

Då treng vi folk med ulik bakgrunn som kan sjå løysingar på nye, innovative og ikkje minst lønsame måtar.

I Veidekke er vi opptekne av mangfald og inkludering, og vi håper du kontaktar oss og sjekkar ut jobbmoglegheiter hos oss – uansett kven du er.

Kanskje er det nettopp deg som kan bli ei viktig brikke i eit av våre høgtpresterande team?

Her kan du lese meir om korleis det er å jobbe i Veidekke, og sjå ledige stillingar.

Del innlegget