Om festivalen

Bredda i næringslivet i Sunnfjord er unik, og i 2023 fant ein gjeng engasjerte folk ut at det er på tide at arbeidslivet her får sin eigen festival. Og som sagt, så gjort.

Menneske som snakkar saman
Ein festival av moglegheiter

Bli kjend med næringslivet i Sunnfjord på ein ny og artig måte

Elevate karrierefestival skal vere ein arena der næringslivet i Sunnfjord og dei som er nysgjerrige på kven dei ulike bedriftene eigentleg er, skal kunne treffast på en uformell måte. Den skal og vere ein stad der du kan oppdatere deg faglig og personleg på ulike område gjennom interessante, nyttige og inspirerande kurs og foredrag.

Dette er ikkje ei messe, det er ingen som pushar gadgets, og den er for alle – du treng slett ikkje vere ute etter ny jobb for å delta.

Prosjektgruppe

Desse står bak karrierefestivalen

Sunnfjord Utvikling og Rekrutteringsforum Sunnfjord stod bak ideen om å invitere til festival med arbeidslivet i Sunnfjord som tema. I samarbeid med Framtidsfylket og Sunnfjord U40 satte dei ideen ut i livet. Festivalen fekk namnet Elevate, som tyder å heve.

Dette er fordi festivalen gir deltakarane moglegheit til både å heve eigen kompetanse gjennom kurs og foredag, og å heve kunnskapsnivået når det gjeld næringslivet og karrieremoglegheitene i Sunnfjord.

Det viste seg at festivalen også heva gøy-faktoren for både deltakarane og arbeidsgjevarane!

Fire smilande kvinner

Den første arbeidsgruppa. Frå venstre: Kristine Slettehaug (Framtidsfylket), Sigrid Eikeland (Sunnfjord U40), Kathe Arnesen (VOOKAL AS), Linda Hovland (Framtidsfylket)

Men kva er eigentleg ein karrierefestival? Og kven er det for?

Alle som vil

Festivalen er for alle, uansett om du ser etter ny jobb akkurat no, om du vil utvikle deg vidare i din noverande jobb eller om du berre vil bli betre kjent med det spanande næringslivet i Sunnfjord.

Vi vil gje deg som er interessert i å utvikle karriera di sjansen til betre innsyn i arbeidslivet i Sunnfjord på ein morosam og uformell måte, samtidig som du hevar eigen kompetanse.

Både fag og fest

På programmet finn du både bedriftspitchar, fagleg påfyll, kurs og foredrag – og minst like viktig: mykje moro. Ideen bak festivalen er å kombinere det faglege med det festlege.

Som for eksempel TechPub der du får korte faginnslag, ein matbit og kan henge i baren med mange bransjefolk eller Tapas Trail rundt i Førde der du blir kjent med fleire bedrifter, samtidig som du får servert tapas og noko godt å drikke på kvar «stasjon».

Skapar kjennskap til næringslivet og karrieremoglegheitene i Sunnfjord

Det mange som ikkje er kjent med alle karrieremoglegheitene i Sunnfjord, og karrierefestivalen skal bidra til at fleire får vite om kva som rører seg i arbeidslivet her.

Sunnfjord byr på ein variert og framtidsretta arbeidsmarknad med stort rom for å utvikle seg. Dette blir det fullt fokus på i 4 dagar til endes.

Inviter utflytta familie eller vener på workation!

Det skjer mykje spennande i Sunnfjord for tida, og ikkje berre i næringslivet. Nye utelivskonsept og restaurantar dukkar opp, og fritidsaktivitetar er det flust av. Kvifor ikkje vise det fram til fleire enn dei som bur her?

Har du studiekompisar, utflytta vener eller familie du hadde tenkt å invitere til Sunnfjord om ikkje lenge Så er festivalveka det rette tidspunktet. Inviter dei til ein liten «workation» – dei får gratis kontorplass på Peak Sunnfjord i festivalveka viss dei vil sitte der og jobbe på dagtid, og så kan dei vere med på moroa og oppdage Førde og Sunnfjord resten av tida.

Karriereutvikling og inspirasjon

Bruk karrierefestivalen i Sunnfjord til å bli kjent med næringslivet her, få fagleg påfyll og ha det gøy! Kanskje endar det med ny inspirasjon, kanskje til og med med ny jobb. Kven veit?

Har du spørsmål om karrierefestivalen?

Ta kontakt med festivalsjef Kathe Arnesen på

kathe.arnesen­@sunnfjord.no eller tlf. 98 88 36 88.