Norec – jobb med heile verda frå Førde

Irriterar du deg over at verda er urettferdig og polarisert? Vil du bidra til at fleire i verda samarbeidar om å komme fram med gode løysingar? Då er Norec plassen for deg.

Norec står for norsk senter for utvekslingssamarbeid. Vi er Norges kompetansesenter for internasjonal utveksling av kunnskap.

Deltakere Silje Jakobsen og Mohammed Abdulrahman Makame. Foto: Maiken Solbakken

Vi er ein statleg etat under Utanriksdepartementet, og jobbar hovudsakleg med tre ting:

  • Gir støtte til og følger opp bistandsprosjekt over heile verda
  • Formidlar kunnskap og kompetanse om å jobbe i utlandet
  • Auke antal nordmenn som jobbar i FN eller andre internasjonale
    organisasjonar

Frå og med januar 2025 skal også all evaluering av norsk bistand skje frå kontoret vårt i Førde. Og med det blir vi eit enno tyngre bistandsfagleg miljø.

Folka våre har som regel bakgrunn frå samfunnsfag som statsvitskap, utviklingsstudium eller sosialantropologi. Men vi har også IT, kommunikasjon, økonomi, arkiv og HR, for å nemne noko. Mange som jobbar her har internasjonal erfaring, men ikkje alle.

Her finn du meir om å jobbe i Norec.

Del innlegget