Lastar Hendingar

Vil du ha popup-kontor i Førde i festivalveka?

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

På tide å ha kontor ein annan stad i ei lita veke? Har du kanskje familie eller vener i Sunnfjord og kunne tenke deg å besøke dei?

I Elevate-veka skjer det mykje i Førde, og vi skjønner godt at de ikkje vil gå glipp av moroa. Denne veka løftar vi fram med spennande av næringsliv i regionen, byr på gratis kompetanseheving og garanterar inspirasjon, nettverk og kjekke arrangement. Vi tilbyr difor gratis kontorplass på Peak Sunnfjord 3.-7. juni, slik at de kan vere tett på der det skjer utan at det går utover jobben. Og ja – her er uavgrensa med te og kaffi.

Du kan sitte her ein dag eller to, eller heile veka – det er opp til deg.️

Å byte kontorstad i ny og ne har mange fordelar. Vi veit det alle saman, men i tilfelle du treng å overbevise sjefen, her har du argumentasjonsrekka:

I følge ChatGPT kan eit skifte i kontormiljøet bidra til:

  • Auka kreativitet
  • Betre produktivitet
  • Nye nettverk
  • Forbetra trivsel
  • Kulturelle innspel
  • Personleg vekst
  • Forbetra kommunikasjonsferdigheiter

Og det var berre noko av fordelane ChatGPT drog opp av hatten. Ikkje noko å lure på, dette?

Næringsklynge med kultur

Peak Sunnfjord er eit kontorfellesskap med eit konkret mål: Å lage ein kul arbeidsplass som tiltrekker seg unge menneske. Her skal det vere like kult og urbant som i dei store byane, og målet er at ein ikkje saknar Oslo eller Bergen – eller nokon annan stad.

Med over 30 ulike bedrifter og 180 personar er Peak Sunnfjord ein variert arbeidsstad. Det er stor spennvidde mellom bedriftene. Miljøet er godt etablert og her
er alltid god stemning.

Her blir du tatt godt i mot, slik at du kan nyte Sunnfjord, Elevate og alt karrierefestivalen har med seg.