Lastar Hendingar

TechPub

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2023.

Jobbar du med IT eller teknologi? Kanskje er du student og nysgjerrig på bransjen? Dette er kvelden tech-folk i Sunnfjord møtast til ein matbit og fagleg påfyll.

Det blir mat og fagleg påfyll i form av nokre korte innlegg om maskinlæring, robotics og at det er mange vegar til ein karriere innan IT og teknologi. Du får også vite korleis du kan realisere ein tech-idé.

Du får også sjansen til å bli betre kjent med nokre av dei mange spennande IT- og techbedriftene i Sunnfjord.

Vi byr på mat og det blir sal av forfriskningar. Tech pub fortset etter fagprogrammet.

Sjå klipp frå arrangementet:

Faginlegg:

Har du ein tech-idé?

Eller har selskapet ditt ein innovativ tanke i skuffa som burde sett dagens lys? Sigrid fra Kunnskapsparken Vestland fortel kort om korleis vegen kan bli til, og ideen kan bli virkeligheit

Produksjonssetting av maskinlæring

Korleis jobbar vi i Bouvet med ML og data science generelt. Kva bør du kunne for å bygge ein karriere innan dette feltet? Ved Marek Vetter, Data Scientist.

HVL Robotics Lab

Visste du at vi har eit senter for robotikk i Førde? Eirik Kyrkjebø, leiar ved HVL Robotics Lab, fortel om forskinga dei gjer på robotikk og korleis dei samarbeider med næringslivet. Og kven veit, kanskje har han med seg ein robot? 🤖

Teknologi er overalt – om utradisjonelle vegar til teknologiyrket

Teknologiyrket er så mykje meir enn koding. Kva val innan IT og teknologi har du no, når «alle» må forholde seg til IT, digitalisering og kunstig intelligens?

Før var det slik at fleire menn enn kvinner fann vegen til IT-utdanning og -yrker, og den «typiske IT-studenten» har blitt assosiert med guttar og gaming. Sånn er det ikkje lenger.

Seniorforskar ved Vestlandsforsking, Hilde G. Corneliussen, fortel om korleis personar som ikkje assosierer seg med den stereotypiske IT-studenten finn motivasjon og utradisjonelle vegar til IT-utdanning.

Psst! Baren held ope nokre timar etter at det korte faglege programmet er over, så du kan fortsette å henge med dei trivelege folka.

Aldersgrense: 18 år