Lastar Hendingar

Møt techbransjen på Peak

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

Jobbar du med IT eller teknologi? Kanskje er du student og nysgjerrig på bransjen?

Dette er kvelden tech-folk i Sunnfjord møtast til mat, mingling og fagleg påfyll.

Det blir faginnhald med nokre korte innlegg om teknologi, vi byr på ein matbit og det blir sal av forfriskningar både med og utan alkohol.

TechPub fortset etter fagprogrammet, så du kan henge med andre techfolk i Sunnfjord.

Sjå klipp frå arrangementet her:

Fagprat:

Når den venlege digitale innbrotstjuven slår til
v/ Joakim Pedersen, seniorrådgjevar i Atea med over 5 års erfaring med penetrasjonstesting
Joakim vil snakke om korleis Atea Red Team opererer og bryt seg inn hos både store og små selskap. Han vil fortelje kva penetrasjonstesting er, korleis dei etterliknar trusselaktørar og komme med historier frå kvardagen.

Korleis skape gode kundeopplevingar med AI? Do’s & don’ts!
v/ Linn Hege Bergheim, Chief Customer Officer i Tibber

Korleis kan eit menneske og en robot samarbeide?
v/ Gizem Ateş Venås, PhD, forskar ved HVL Robotics i Førde
Gizem gir oss ei innføring i forskinga si innan menneske – robot samarbeid og korleis ein kan bruke teknologi for å kjenne att bevegelsane til eit menneske. Du får også ein smakebit frå ei bacheloroppgåve utført av Henrik Vallestad og Ole August Solem, der ein bruker KI for å kjenne att menneskeleg bevegelse.

Arrangementet er gratis. Aldersgrense: 18 år.

Arrangør: IT-forum Vest er vertskap og losar oss gjennom kvelden.

IT-forum Vest logo