Lastar Hendingar

Lunsj og inspirasjon: Foredrag med Kimiya Sajjadi på Elvesus

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

Finn styrken i annleisheita di!

Korleis lukkast du sjølv om oddsen er imot deg? Kva kan du sjølv gjere for å hevde deg på jobbmarknaden? Vi er alle ulike – korleis kan du bruke akkurat DINE eigenskapar som ein fordel?

Velkommen til ei vitaminbombe av eit foredrag!

Kimiya Sajjadi er eit av Norges mest kjende namn når det kjem til inkludering og mangfald, og er ein ettertrakta foredragshaldar.  I foredraget fortel ho korleis ho gjorde den fleirkulturelle bakgrunnen sin til ei superkraft.

Sjå klipp frå arrangementet her:

Arrangørar: Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec), Sparebanken Sogn og Fjordane og Røde Kors United World College.