Lastar Hendingar

Karrieremoglegheiter innan yrkesfag – fleire enn du trur!

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

Tid: Torsdag 6. juni kl. 08:30–10:00
Stad: Pro Vestland sine lokale, Concordbygget, Firdavegen 6
Pris: Gratis

Sjå klipp frå arrangementet her:

Dette er eit nyttig frukostmøte uansett om du skal begynne utdanninga di no, er i jobb og vurderer å bytte bransje, eller om du er forelder og nysgjerrig på kva moglegheiter som finst for barna dine.

Det passar også for deg som er bedriftsleiar og vil vite meir om det å vere lærebedrift, eller om du rett og slett berre vil vite meir om yrkesfag.

Jorunn Kirketeig, dagleg leiar i Pro Vestland opplæringskontor og styremedlem i den nye HUB_yrkesfag, fortel om alle karrieremoglegheitene som finst innan yrkesfag, ulike vegar inn og alternativ for vidare utdanning til for eksempel ingeniør.

Over kaffikoppen og frukosten får du også høyre om NM i yrkesfag, som skal arrangerast i Førde i april 2025. Vinnaren av NM går vidare til VM i yrkesfag, som faktisk er verdas nest største verdsmeisterskap, nest etter fotball-VM.

Dette blir ein informativ og nyttig frukost, meld deg på no!