Lastar Hendingar

JussPub: Faginnlegg, mat, mingling & bransjefolk

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

Når var du sist på JussPub? Aldri? Då er det på tide å gjere noko med det.

JussPub er ein uformell møteplass for juristar, advokatar og andre med juridisk bakgrunn.

Bli med på ein kveld med korte, spennande faginnlegg, god mat og flott høve til å mingle med kollegaer frå bransjen.

Dette er ein perfekt arena for å snakke fag, utvide nettverket ditt og ikkje minst ha det kjekt!

JussPub fortset etter fagprogrammet, så du kan fortsette å henge med andre juristar utover kvelden.

Fagprat

AI Act
v/ partnar Kristine Celius i Advokatfirmaet Tollefsen

EU-parlamentet vedtok i mars 2024 den første kunstig intelligens-loven (AI Act). Vi har sett litt på det nye lovverket og vil prøve å gi eit overordna perspektiv på kva norske verksemder, både i offentleg og privat sektor, bør vite og vere budd på.

Korleis er det å jobbe som jurist i påtalemyndigheitene?
v/Vegard Gjertsen, som fortel om livet som politiadvokat i Sogn og Fjordane.

Arbeidet mot ein ulovleg milliardindustri som er på evig jakt etter nye gråsoner
v/ Lene Knapstad, jurist i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ho jobbar med den ulovlege pengespelmarknaden og tilsyn med lovlege pengespel.

Mange utanlandske pengespelselskap opererer ulovleg i Norge, og brukar mellom anna norske influensarar i kampen om spelarar. Korleis jobbar Lotteritilsynet for å halde tritt med ein ulovleg bransje som endrar seg raskt, på same tid som lovendringar er ein langsam prosess?

Livet som dommarfullmektig i tingretten
v/dommarfullmektig Vegard Fosso Smievoll, som fortel om livet i tingretten og korleis det er å vere dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett.

Sjå klipp frå arrangementet her: