Lastar Hendingar

Eksklusiv førehandsvisning av gruve og anlegg

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

På Engebø skal Nordic Mining utvinne verdas mest klimavennlige titanråstoff. Men korleis foregår det eigentleg i praksis?

I forbindelse med Elevate karrierefestival vil det bli mogleg å få ein eksklusiv førehandsvisning av gruve og anlegg. Det blir omvisning på fjell, i tunell og på prosessanlegget. I tillegg blir det servert pizzabuffet levert av nærbutikken i Vevring.

Denne turen passar både om du er nyfiken eller på jobbjakt. I Nordic Mining er det framleis mogleg å sikre seg jobb frå hausten av.

Sjå klipp frå arrangementet her:

Praktisk info:

  • Arrangementet er gratis
  • Avreise frå Firda Billag klokka 16.30 med buss
  • Servering: Pizzabuffet og Balholm
  • Avreise frå Engebø med buss ca. kl. 20.30