Loading Events

Bedriftspitcher + Fredrik Fornes

Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.

Bli betre kjent med bedrifter i Sunnfjord i kombo med mat og både skråblikk og verbale sleivspark i den eine og den andre retningen fra sjølvaste Fredrik Fornes.

Denne ettermiddagen byr vi på ein matbit før du får bli betre kjent med ei rekke spennande bedrifter i Sunnfjord.

Gjennom kjappe pitchar der PowerPoint-presentasjonar og tørre organisasjonskart er bannlyst, har vi utfordra bedriftene til å fortelje deg noko du ikkje allereie veit om dei.

Før og etter pitchane får du trimma både lattermusklane og hjernen med Fredrik Fornes på scena.

Dette er nokre av bedriftene du får høyre frå:

  • Enivest
  • PwC
  • Proresult
  • Helse Førde
  • iteam
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet
  • Sunnfjord Kommune
  • CrediCare
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
    … og fleire

Underhaldning

Før pitchane får du eit 5 minuttars lynkurs for giftige leiarar. Fredrik Fornes meiner nemleg at det finst frykteleg mange dårlege leiarar der ute. Men skal du først vere dårleg, bør du gjere det skikkeleg. Derfor presenterer Fredrik sine beste tips til korleis du kan bli ein ræva sjef.

Etter pitchane filleristar Fredrik ei rekke vanlege fenomen alle som ein gong har søkt jobb kan kjenne seg igjen i. Kva for idiotiske spørsmål er det alle intervjuarar stiller under intervju? Kva er det med dei trauste stillingsannonsane alle skriv? Og er no desse vilkåra så himla konkurransedyktige som dei skal ha det til?

Du vil sannsynlegvis både humre, gråte, nikke og riste på hovudet medan Fornes fører deg gjennom alle fasane av ein karriere- og rekrutteringsprosess.

På scena: Fredrik Fornes

Fredrik Fornes, administrerande direktør i Narify, vart i 2024 kåra til LinkedIns fjerde mest framtredande stemme, berre slått av næringslivstoppane Nicolai Tangen, Anders Opedal og Petter Stordalen.

Han kjem snart ut med boka «Ingen bryr seg om karriera di – før du gjer det». Med sine humoristiske, men likevel alvorlege, skråblikk på næringslivet, rekruttering og stillingsannonser har han samla over 40 000 følgjarar på LinkedIn og i andre kanalar.

Innhaldet hans har samla over 15 millionar visingar i løpet av dei siste åra.

 

Fredrik Fornes blant folk