Bedriftsbesøk og tapas
6. juni kl. 16:30 - 19:30
Bedriftsbesøk og tapas
Obs! Dette arrangementet er over – det vart gjennomført i juni 2024.
Kombinér interessante bedriftsbesøk med deilige tapasrettar og noko godt å drikke. Dette er eit tog du vil gå i 🙂
Sjå klipp frå arrangementet:
Vi inviterer til livleg Tapas Trail gjennom hjartet av Førde sentrum. Vi gjer korte stopp hos fleire bedrifter som serverer både tapas, drikke og ein presentasjon av seg sjølv.
Her får du bli betre kjent med attraktive arbeidsgivarar og næringslivet i Sunnfjord, samtidig som du bygger nettverk med andre på vandringa gjennom Førde sentrum.
Etter å ha smakt oss gjennom bedriftsbesøka, avsluttar vi kvelden på Kjenn’ itte i sentrum sør.
Der får du litt meir tapas, det blir ølsmaking med Kvernafossen Bryggeri og nokre korte, interessante innlegg frå gode folk:
Kva kjenneteiknar dei forretningsideane som får støtte?
Innovasjon Norge vurderer mellom 500 og 1000 forretningsidear kvart år og gir deg oppskrifta på korleis du når inn i tilskotsbassenget.
Korleis bygge di personlege merkevare på sosiale medium?
Influensaren Solfure gir deg tips og triks til korleis du kan bli skikkeleg god.
Tapas Trail startar klokka 16.30, oppmøte utanfor Concord-bygget.