Global IT lokalt

iteam er eit av Noregs raskast veksande IT-selskap med 38 lokasjonar frå Svalbard i nord til Kristiansand i sør.

Samla har vi 350 tilsette, meir enn 7 500 aktive kundar og ei omsetning på rundt 1000 MNOK. iteam er ein betydeleg leverandør til verksemder langs norskekysten, både på land og til havs. Høg kompetanse, lokal tilstedeværelse og nærleik til kundane er blant våre viktigaste konkurransefortrinn.

Sjølv om vi er solid befesta nasjonalt, er det regional og lokal tilhøyrsle som dannar grunnlaget for selskapet sin suksess. Vi likar difor å kalle oss ein nasjonal lokalleverandør. For det er lokalt vi opererer. Med aktiv kunnskapsdeling og ei felles tenesteportefølje, kan vi levere dei same sikre og smarte IT-løysingane like godt til våre lokale kundar som til dei nasjonale.

I iteam ser vi det som viktig å vere ein bidragsytar til utvikling av byar og lokalsamfunn. Ikkje berre gjennom våre leveransar, men òg ved å tilby trygge og gode arbeidsplassar. Ved at vi er til stades lokalt gjer vi det attraktivt for ungdom å flytte heim etter studiar andre stader. Og som lærebedrift bidrar vi med fagutdanning i lokalmiljøa vi er ein del av.

Vi legg stor vekt på at alle tilsette som har ambisjonar og lyst kan spisse seg innanfor sine fagfelt og utvikle seg innan nye kompetanseområde, uansett kvar dei bur. Og ønskjer nokon å arbeide andre stader i landet for ein kortare eller lengre periode, legg vi til rette for det. Sponsorstrategien vår er òg retta lokalt, der vi prioriterer lokale lag, foreiningar, frivillige organisasjonar, kultur og aktivitetar for barn og ungdom framfor nasjonale sponsoravtalar.

I region nordvest, som for iteam strekker seg frå Bergen til Kristiansund, har vi kontor i Bergen, Gaupne, Førde, Stryn, Surnadal, Molde og Kristiansund.

Det er i overkant av 70 tilsette som betener meir enn 1000 kundar i regionen, og vi planlegg ytterlegare vekst på både kunde- og medarbeidarsida. Vil du lese meir om karrieremoglegheitene hos oss? Sjekk karrieresida vår!

Del innlegget