Visste du at det sit ein gjeng i Førde og kjempar mot svære, internasjonale, ulovlege spelselskap?

Eller at vi har tilsyn med og rettleier stiftelsar som har enorm påverknad på samfunnet? Og at frivillige lag og organisasjonar får fleire milliardar kroner frå Lotteri- og stiftelsestilsynet kvart år?  

– Dei som sit der inne er nasjonale ekspertar på områda vi jobbar med. Det betyr at vi er best i landet på det vi driv med.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Tony André Malmedal, som er jurist i Lotteri- og stiftelsestilsynet, peikar på den brune blokka som er plassert omtrent midt i Førde sentrum. Eit filmteam er på besøk for å lage video til karrierefestivalen Elevate, og Tony er ein av dei som skal fortelje om kva vi jobbar med. For det er kanskje ein del i området som ikkje veit akkurat det.

– Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, trygge stiftelsar og ei sterk frivilligheit.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

– Ein så god kombinasjon av spennande arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø skal du leite lenge etter, seier Tony André Malmedal, som er jurist i Lotteritilsynet.

Det betyr mellom anna tilsyn med Norsk Tipping, jobbing mot kampfiksing i norsk idrett og å slå ned på ulovlege pengespelselskap. Og det er ingen i Norge som har like mange og store ordningar med pengestøtte til frivillige lag og organisasjonar. Vi har også tilsyn med norske stiftelsar. Det er 6300 stiftelsar i Norge, som bidreg med meir enn 58 milliardar til samfunnet kvart år. Visste du for eksempel at BI er ein stiftelse? Eller Amediastiftelsen, som eig mediekonsernet Amedia?

– Lotteri- og stiftelsestilsynet har eit nasjonalt nedslagsfelt, i tillegg til at mange av oss er involvert i internasjonalt samarbeid. Vi har eit stort ansvar, og jobbar med spennande fagområde. Eg kan ikkje forstå noko anna enn dette må vere Sunnfjords beste arbeidsplass, seier Eirik Haugen Tysse, som er jurist i Lotteritilsynet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Eg kan ikkje forstå noko anna enn dette må vere Sunnfjords beste arbeidsplass, seier Eirik Haugen Tysse om Lotteri- og stiftelsestilsynet.

– Får bryne seg på juridiske problemstillingar og rettleie mange ulike stiftelsar

Merete Tollefsen, som er jurist i Stiftelsestilsynet, seier at det kjekkaste med jobben er å rettleie alt frå store, profesjonelle stiftelsar til dei små om regelverket og krava til godt styrearbeid.

– For meg handlar det om at ein får møte så mange ulike typar menneske og stiftelsar gjennom arbeidet. Og at vi som tilsyn ikkje berre slår ned på feil, men også rettleiar og jobbar førebyggande. Her får ein bryna seg på selskapsrettslege problemstillingar, samtidig som ein får innsikt i praktisk styrearbeid.

Her kan du lese meir om karrieremoglegheiter i Stiftelsestilsynet.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

– I tilsynsarbeidet vårt grev vi i alvorlege enkeltsaker samtidig som vi rettleiar dei som vil gjere rett, seier Merete Tollefsen, jurist i Stiftelsestilsynet.

– Det opna seg raskt mange moglegheiter

Lotteri- og stiftelsestilsynet har opp mot 90 tilsette, og det største juristmiljøet i regionen. Men her jobbar også mellom anna økonomar, samfunnsvitarar, utviklarar og journalistar.

– Eg visste at eg trivast veldig godt med eit større kompetansemiljø, så eg var på jakt etter det då eg skulle finne ny jobb. Då eg såg utlysinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet, var det kunnskapsmiljøet eg blei tiltrekt av. Det opna seg raskt mange moglegheiter undervegs, seier Marianne Alværen Torset, siviløkonom i avdeling for Frivilligheitsstøtte.

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Det var kunnskapsmiljøet Marianne Alværen Torset blei tiltrekt av, då ho søkte jobb i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

I arbeidet med ny strategi for Lotteri- og stiftelsestilsynet er kompetanse noko av det som er løfta fram som ei viktig retning framover. Bjørn Leirdal, som jobbar i avdeling for kommunikasjon og strategi, er prosjektleiar for den nye strategien.

– Vi har allereie stor tverrfagleg kompetanse i dag, men framover vil vi jobbe meir målretta med å kartlegge kva kompetanse som blir viktig for oss i framtida.

Bjørn

Bjørn Leirdal i avdeling for kommunikasjon og strategi er prosjektleiar for Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nye strategi.

– Vi skal jobbe meir målretta framover for å kartlegge kva kompetanse som blir viktig for oss i framtida.

Tony er ikkje i tvil om at han vil anbefale Lotteri- og stiftelsestilsynet som arbeidsplass.

– Ein så god kombinasjon av spennande arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø skal du leite lenge etter. Når bakteppet i tillegg er fager vestlandsnatur med fjord og fjell rett utanfor døra så var det i alle fall for meg ein no-brainer.

Del innlegget